Meny
Velg seksjon 7. trinn
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800/92054051 Send e-post til oss
Redaktør: Gunn Marte Bull, verksemdsleiar
Me har hatt besøk av eit vitensenter på hjul i dag, og for ein flott dag det vart! Me takkar så mykje for besøket!

Veit du at Strand kommune har eit stort utstyrslager, med utstyr som du kan låne?

Skulefrukost og FN-samling

Hei!

Nokre av oss har alt starta opp att etter ferien, og nå gler me oss til at endå fleire barnehagebarn og alle elevane skal koma og fylla uteområdet og bygga med liv og røre igjen! Barnehagen har fått ei stor og flott oppgradering med blant anna nye vindauge, golvbelegg, dører og maling. På skulen er me ikkje heilt i mål, men no ser me korleis den ferdig fasaden skal sjå ut!

Neste veke (veke 33) startar med planleggingsdagar måndag og tysdag for heile oppvekstsenteret. På onsdag er det også planleggingsdag for skulen, men barnehagen har ope.

Første skuledag for elevane er torsdag 15. august og alle møter til første time kl 9:00.

Mvh Gunn Marte Bull, rektor