Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Frå 1. januar 2024 har Strand kommune sagt opp denne heimesida.

No finn du info om oppvekstsenteret på Strand kommune sine nettsider.

Nordre Strand oppvekstsenter 


Heilmjølk er no tilgjengeleg for bestilling hos NSO. Hugs at du alltid kan bestilla skulemjølk og anna drikke og mellommåltid på skolelyst.no.  Det kan ta opptil 14 dagar frå bestilling til første levering. her

I dag inviterte sanitetskvinnene heile skulen til frukost i gymsalen. Langbord var dekka, og me blei servert ein skikkelig sunn og god frukost av to kjekke og hjelpsomme kvinner. Saniteten sin skulefrukost har blitt ein tradisjon for oss på Nordre Strand, og noko me ser fram til kvar haust. Ein god frukost gjer ein god start på dagen, og spesielt kjekt er det å få den servert- og få ete den ilag.

Me på Nordre Strand oppvekstsenter jobbar for å skape ein sterkare kultur for lesing, og dei to neste vekene er det leseveker her hos oss. Lesevekene har som mål å inspirere elevane til å lese meir, og fokuset er leseglede og motivasjon. I barnehagen har dei alltid lest mykje for ungane, og i dei neste vekene vil vi ha enda større fokus på dette. Elevar frå skulen har også invitert seg på lesebesøk til barnehagen, så dette gler me oss til. På skulen har me valt oss ut  Astrid Lindgren som ein forfattar me vil lære oss meir om, så mange av bøkene me les i lag vil vere skreve av ho.