Meny
Velg seksjon SU
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800/92054051 Send e-post til oss
Redaktør: Gunn Marte Bull, verksemdsleiar
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Symjekurs i sommar - framleis ledige plassar!

Kjempeflott tilbod!


Alle me andre på NSO vil gratulera den flotte gjengen vår på 4. trinn som vart kåra til fylkesvinnar i Batterijakten 2019 i går! Dette er veldig stas og me er kjempestolte av den flinke og flotte gjengen som har samla inn 491,4 kg batteri i konkurranseperioden!

Der kom nyleg ei endring i forskrift til krav om sykkel. Denne endringa opnar for fleire typar av det som vert kalla "småelektriske" køyretøy. Politiet ser, og får melding om, at der er mykje farleg og ulovleg bruk av desse køyretøya blant barn og ungdom i kommunen. Dei har også registrert fleire ulykker på desse køyretøya. På bakgrunn av dette har politiet forfatta eit brev til dei føresette som alle elevane ved skulen vår får med seg heim. Brevet ligg også under dokument i menyen til høgre på sida her.

Mvh Gunn Marte Bull, rektor


Endeleg kunne me samlas til storsamling for å kåra vinnarane av Refleksvestkonkurransen 2017/2018!

Rektor nytta høve til å minna om eitt par viktige ting før ho avslørt kven som vann premiane i årets konkurranse. For det første er det viktig å minne om korleis ein pratar med, om og til kvarandre i røynda og på nett. Me er eininge o å gjera ein like god innsats på dette området som det me har gjort i refleksvestkonkurransen;-) Elevrådet går føre som gode eksempel og me andre heng oss med. Så måtte ho minne om at alle skal sitte fint på bussen og ha sele på seg. I tillegg måtte ho minne om at selen skal vera på heilt til bussen har stoppa. Til siste prata me om at alle må bruke refleksvest vidare også sjølv om konkurransen er slutt.

5. - 7. trinn har vore beste gruppa til å bruke refleksvest gjennom heile perioden. Dei får bestille rykande ferske og gode skuleboller frå Fiskå bakeri ein dag lærarane synes det passar. I tillegg hadde me loddtrekning om 3 bøker til dei elevane som har hatt vest på seg kvar einaste dag medan konkurransen har gått føre seg. Her er vinnarane: Ida Vasstveit, Sebastian Alsvik og Vilde Veland.

Me gratulerer alle som har deltatt med den kanongode innsatsen!