Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ei forlenging av det førebyggande og helsefremmande arbeidet i spe- og småbarnsalderen. I skulehelsetenesta arbeider helsesjukepleiar og skulelege.

Skulehelsetenesta skal i følgje forskrift FOR-2003-04-03-450 fremma barnet si helse og førebyggje sjukdom og skade. Skulehelsetenesta skal arbeida for å fremma elevane sitt lærings- og utviklingsmiljø, samt bidra til ein helsefremmande livsstil. Dei unge sine helseproblem er ikkje lenger dominert av kroppslege sjukdomar og feil. Dei artar seg ofte meir som vanskar i forhold til venner, familie, skulen og samfunnet. For at det skal lukkast og koma den enkelte eleven best mogleg til gode, er me som arbeider i skulehelsetenesta avhengig av eit godt samarbeid med eleven, foreldra og skulen. Skulehelsetenesta har tverrfagleg samarbeid med PPT, skulen, barnevern, fastlege og andre ved behov.

Tenesta er eit tilbod til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta gjev råd og veiledning, gjennomfører helseundersøkingar, vaksinasjonar og kan når det er behov for det henvise vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege og spesialist. Snakk med lærar/helsesyster/skulelege om der er helse/trivselaproblem som kan ha innverknad på eleven sin skulesituasjon.

Journalføring/innsynsrett

Det vert oppretta journal på alle barn som får tilbod om konsultasjonar og helseundersøkingar ved helsestasjonen (jmf forskrift om pasientjournal). Gje oss beskjed dersom de flyttar, me sender då journalen til den nye skulehelsetenesta. Foreldre/føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysingar som omhandlar barnet. Når barnet er mellom 12 og 16 år skal opplysingane ikkje gjevast til foreldra eller andre med foreldreansvaret når barnet av grunner som bør respekteres, ikke ønsker dette. Informasjon som er nødvendig for å oppfylla foreldreansvaret, skal likevel gjevast til foreldre eller andre med foreldreansvaret når barnet er under 18 år (jmf pasient og brukerrettighetsloven §3-4).

Ved akutte skadar/sjukdomar og kroniske sjukdomar må fastlege kontaktast. Skulehelsetenesta sitt personale har taushetsplikt og tenesta er gratis.   

Vår helsesjukepleiar heiter Tove Merete Norland og hennar telefonnummer er 48887143.