Hei!
Beredskapsleiinga i Stand kommune har vedteke at me skal ha gult nivå i barnehage og skule i neste veke også. Årsaka til dette er at dei ønskjer å sjå utviklinga av den smitten som no er i kommunen dei neste dagane, før dei eventuelt endrar til grønt tiltaksnivå. Utdanningsdirektoratet har oppsummert det FHI no veit om smitte og smitterisiko i barnehagar og skular. Den viser at barnehagar og skular er trygge stadar å vera, også når smittetala er høge:
- vaksina gjev veldig godt vern mot alvorleg sjukdom
- det er ikkje vesentleg meir smitte blant tilsette i barnehagar og skular, enn blant andre vaksne
- barn og unge blir skjeldan alvorleg sjuke av korona
- jamleg testing er eit effektivt smitteverntiltak
Du kan sjå heile oppsummeringa av kva utdanningsdirektoratet veit om smitte i barnehagar og skular her.
Ønskjer dykk alle ei god helg! Mvh
Gunn Marte Bull, rektor