Meny
Velg seksjon 1. trinn
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800/92054051 Send e-post til oss
Redaktør: Gunn Marte Bull, verksemdsleiar
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Her er Nordre Strand skule/SFO sine planleggingsdagar skuleåret 2022/2023:

15. - 17. august 2022

18. november 2022

2. januar 2023


 

Parker bilen på oppmerka plass på parkeringsplassen, og skru tenninga av. I skulegarden er det forbode å køyre inn, så ver venleg, respekter dette og vis omsyn til dine eigne og andre sine born. I forbindelse med henting ser me stundom barn og elevar som spring mellom bilane og bussane når dei skal møte dykk som ventar på dei i bilane. Fint om de kan ta ein prat om korleis ein tryggast ferdast i dette området på tidspunkt med stor trafikk. Me skal sjølvsagt også prate med elevane om dette på skulen. Me har ingen born å miste, og vil difor ta trafikktryggleiken til barnehageborna og elevane våre på alvor!


Hugs at me veka 35 og veke 10 kvart år deltek i nasjonal kampanje mot hovudlus!

Målsetjinga for aksjonen er at alle skuleelevar og barnehagebarn i landet skal undersøkjast for hovudlus. Det er svært viktig at alle på oppvekstsenteret deltek. I tillegg til barnehagebarna/skuleelevane og dei tilsette bør òg dei andre familiemedlemma sjekkast for hovudlus i aksjonsperioden. Då vil risikoen for gjensmitte og talet på tilfelle av hovudlus over tid bli kraftig redusert. Dersom ein oppdagar hovudlus, er det ikkje naudsynt å halde barnet borte frå skulen, men behandlinga bør kome i gong raskast mogeleg.