Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om oss

Nordre Strand oppvekstsenter ligg på Fiskå i Strand kommune. Her finn du skulen og Eikehaugen barnehage vegg i vegg. Senteret ligg i naturskjønne omgivelsar, og området inviterer til mange ulike aktivitetar både i opningstida vår, og på ettermiddagstid.

Skule- og barnehageåret 2023/2024, har me 68 elevar fordelt på 5 grupper på skulen, og ca 15 barn nyttar SFO tilbodet. I barnehagen har me ca 40 barn inne kvar veke, fordelt på to avdelingar.

Vår visjon er at me ønskjer å gje elevane våre gode faglege kunnskapar og god sosial kompetanse slik at dei kan meistra livet sitt no og i framtida. I samarbeid med heimane vil me arbeida for at våre elevar skal bli meistringsdyktige for neste trinn i utdanninga både fagleg og personleg. Dei skal ha tru på ei god framtid for seg sjølve og for lokalmiljøet sitt.

Me har eit godt samarbeid med kulturskulen i Strand. Her hjå oss får kulturskuleelevane undervisninga si i skuletida. Dessutan har kulturskulen barneteater her ein ettermiddag i veka, rett etter skuletid. Kulturskuleelevane og barneteateret opptrer på skulen sine avslutningar før jul og før sommarferien.

Skulen har skulehelsetenesta innom kvar måndag kl 8.30 - 13.30. Då har helsesjukepleiaren det ho kallar "Opa dør". Elevar som vil prate med henne er alltid velkomne!