I desember 2022 blei Eikehaugen barnehage godkjent Miljøfyrtårn. I dag fekk vi storfint besøk av sjølvaste ordførar- og varaordførar som overrakk prisen til stolte ungar- og vaksne. Å vere Miljøfyrtårn innebærer blant anna å lære om sortering av avfall, og om korleis vi kan ta enda betre vare på naturen. Besøket blei møtt med ballongar, flotte plakatar og kloke innspel frå ungane i Eikehaugen.