Meny
Velg seksjon 5. - 7- klasse
Skintveitvegen 11 5917 Rossland Vis på kart
Telefon: 56 17 44 10 Send e-post til oss
Redaktør: Rektor
Onsdag 21.08 gjekk mellomtrinnet den årlege Eldsfjellsturen.

Velkommen til foreldremøte om MOT.

Rossland skule skal no bli ein MOT-skule. På vegen vil vi ha med alle føresette og lag- og organisajonar. 
Vel møt til foreldremøte tysdag 13. august klokka 18.00 til 20.00
Foreldremøtet er ope for alle, så ta gjerne med nokon. Håper så mange som råd kan stille. 

Les heile innkallinga https://bit.ly/2yTetpl 


Ved Rossland skule er det svært få parkeringsplassar til føresette, gjestar og tilsette. Vi vil på det sterkaste oppmoda om at så mange elevar som råd går til skulen. 

For å ta i vare tryggleiken til elevane våre er det svært viktig at ingen køyrer opp til skulen mellom klokka 0830 og 0900, mellom 1230 og 1300 og mellom 1430 og 1500. I desse tidsromma er det stor trafikk med mjuke trafikantar som skal ferdast trygt på skulevegen. 

Det har no dessverre vorte enno dårlegare plass til bilar med føresette som hentar born ved busstoppane også. Det er ikkje høve til å "venteparkera" ved Trevaren (gamle Coop) lengre. Skulen vil ta kontakt med FAU for å drøfta mogelege løysingar for å gjere hente- og bringesituasjonen så trygg som råd for elevane våre.

Det beste tiltaket for å redusera tal bilar i området er uansett å la så mange born som råd gå eller sykla til skulen. 

På førehand takk for at de er forsiktige og merksame når de brukar bil på skulevegen til elevane våre.