Meny
Velg seksjon 8. klasse
Skintveitvegen 11 5917 Rossland Vis på kart
Telefon: 56 17 44 10 Send e-post til oss
Helsesjukepleiar Charlotte (ungdomsskulen): 414 52 504
Sosiallærar Vibeke: 922 88 995
Alarmtelefonen for barn og unge 116 111  
Mental helse Ungdom                  116 123  
Kors på halsen                               800 33 321  
Kirkens SOS                                   2240040   
Rustelefonen                                 08588
Rossland skule
Start kl 08:45 alle dagar
340 Vestbygd kl 08:25 –Vikebø kl 08:34
340 Vestbygd kl 08:17-Vikebø kl 08:39
340 Skjelanger kl 08:20 – Vikebø kl 08:40
344 Io snuplass kl 08:20 – Vikebø kl 08:35  

Slutt kl 12:05 tysdag (alle)
340 Vikebø kl 12:15 –Io – Leirvik kryss – Beitingen
340 Vikebø kl 12:15 –Rossland -Skjelanger
344 Vikebø kl 12:20 –Smugleitet – Brakstad – Meland- Sagstad
340 Vikebø kl 12.20 – Hjertås-Vestbygd  

Slutt kl 12:40 torsdag (1.-2.trinn) og fredag (1.-7.trinn)
340 Vikebø kl 12:45 –Rossland- Skjelanger
340 Vikebø kl 12:47 –Io – Lerivik kryss – Beitingen  

Slutt kl 14:40 man (alle), ons (alle), tors (3.-10.tr) og fredag.(8.-10.tr)
340 Vikebø kl 14:50 –Rossland – Skjelanger
340 Vikebø kl 14:52-Beitingen- Hjertås – Vestbygd
340 Vkebø kl 14:52 –Hjertås – Vestbygd
344 Vikebø kl 14:50 –Io snuplass
344 Vikebø kl 14:52 –Brakstad – Meland 

Første skuledag er måndag 17.august kl.8.45 for 2.-10.trinn. Elevane møter i tilvist uteområde, 8.trinn i amfiet. Klassane vert ropt opp og går deretter klassevis til sitt klasserom.
Skulebusstidene ser de over her. Grunna gult smittevern-nivå, ønskjer vi at 1.trinn møter ved amfiet kl.9.00.

Meir informasjon om start- og sluttidene finn du til høgre litt lenger nede på sida under "Diverse dokument". 


Treng du nokon å snakke med? 
Kontakt ein vaksen du stoler på eller ring 116 111.



Her kjem ei videohelsing frå ordføraren vår Sara Hamre Sekkingstad. 



Kvart år på seinhausten gjennomfører vi "Elevundersøkinga" på 5.-7. trinn. Denne undersøkinga er utarbeida av Utdanningsdirektoratet og er obligatorisk for kommunen å gjennomføre. 

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan og blir brukte til forsking. Delar av resultata frå undersøkinga blir publiserte på www.skoleporten.udir.no.Elevundersøkinga er anonym. Resultata vil ikkje kunne bli knytt direkte til personar som har svart. Elevane får ein påloggingskode. Når undersøkinga blir avslutta, blir samanhengen mellom påloggingskoden og svaret broten. Difor er det svært vanskeleg å identifisere kven som har svart kva i undersøkinga. Det er innført eigne prikkereglar for å skjule resultat i rapporten som kjem ut etter at alle elevane har svart.

Dersom ein ønskjer meir informasjon, kan ein kontakte skulen. Ein finn og mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Dersom ein har spørsmål om personvernet i undersøkinga, kan ein rette desse til personvernombodet i Utdanningsdirektoratet på e-post: personvernombud@udir.no. Eventuelle klager på Utdanningsdirektoratet si behandling av personopplysningar i samband med Elevundersøkinga skal rettast til Datatilsynet. Ein finn meir informasjon på nettsidene til Datatilsynet: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/hvordan-kan-jegklage-til-datatilsynet/


Trygg Trafikk arrangerer kvart år "refleksdagen". I år valgte TSU (Trafikkfagleg samarbeidsutval som består av Politi, Brannvern, Helse og Trygg Trafikk) å markere denne dagen på Rossland skule og på Radøy ungdomskule. På Rossland skule var også ordførar Øyvind Oddekalv med og kasta glans over arrangementet. TSU inspiserte trafikkløysinga ved busshaldeplassen vår, og såg spesielt på eventuelle konfliktar mellom mjuke og harde trafikantar. 

Vi fekk gode tilbakemeldingar på vårt fokus på trafikktryggleik. (reportasje i avisa Strilen, dessverre bak betalingsmur).

Når det ringte inn til første time, samla vi alle elevane i amfiet, og ordførar, politi og Trygg trafikk hadde ein appell til alle om bruk av refleks. Dei yngste elevane våre hadde allereie på seg refleksvest. Alle elevane på skulen fekk seinare utlevert kvart sitt refleksband, designa i år av Therese Johaug. Vi håper at vi går inn i haust- og vintermørkret godt synlege frå bilane langs vegen.

(Bilete Kjell Arne Steinsvik/Strilen)


Velkommen til foreldremøte om MOT.

Rossland skule skal no bli ein MOT-skule. På vegen vil vi ha med alle føresette og lag- og organisajonar. 
Vel møt til foreldremøte tysdag 13. august klokka 18.00 til 20.00
Foreldremøtet er ope for alle, så ta gjerne med nokon. Håper så mange som råd kan stille. 

Les heile innkallinga https://bit.ly/2yTetpl 


Informasjon om Ungdomsmila fredag 31. august 2018

Ved Rossland skule er det svært få parkeringsplassar til føresette, gjestar og tilsette. Vi vil på det sterkaste oppmoda om at så mange elevar som råd går til skulen. 

For å ta i vare tryggleiken til elevane våre er det svært viktig at ingen køyrer opp til skulen mellom klokka 0830 og 0900, mellom 1230 og 1300 og mellom 1430 og 1500. I desse tidsromma er det stor trafikk med mjuke trafikantar som skal ferdast trygt på skulevegen. 

Det har no dessverre vorte enno dårlegare plass til bilar med føresette som hentar born ved busstoppane også. Det er ikkje høve til å "venteparkera" ved Trevaren (gamle Coop) lengre. Skulen vil ta kontakt med FAU for å drøfta mogelege løysingar for å gjere hente- og bringesituasjonen så trygg som råd for elevane våre.

Det beste tiltaket for å redusera tal bilar i området er uansett å la så mange born som råd gå eller sykla til skulen. 

På førehand takk for at de er forsiktige og merksame når de brukar bil på skulevegen til elevane våre.