Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Nasjonale prøvar

Alle nasjonale prøvar for 5., 8. Og 9. Klasse skal gjennomførast i løpet av september (veke 36-39).

Føremålet med nasjonale prøvar er å gje skulen kunnskap om elevane sine dugleikar i lesing, rekning og engelsk. Informasjon frå prøvane skal danna grunnlaget for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.

Lærarane skal bruka resultata for å følgja opp elevane sine og i arbeidet med undervegsvurdering og tilpassa opplæring.

Nasjonale prøvar gir informasjon om elevar på alle nivå. Derfor har prøvane både lette og vanskelige oppgåver. Det er veldig få elevar som får alt rett på prøvane, nokre får ingen. Det er fordi ein må ha nokre skikkelige vanskelege oppgåver som dei aller beste kan bryna seg på. 

Prøvane er elektroniske, og dei består av ulike tekstar, bilete og oppgåver med spørsmål. På opne oppgåver skal elevane svara med eigne ord eller med tal, medan på fleirvalsoppgåver skal elevane velja eitt av fleire svaralternativ. 

Resultata frå dei nasjonale prøvane gir eit avgrensa bilete av dei dugleikane og den kompetansen som elevane har. Ein må alltid sjå resultata i samanheng med annan relevant informasjon ein har om skulen, kommunen og elevane. 

Datoar for nasjonale prøvar på Sand skule er:

5. Klasse:

17.september: Engelsk

19.september: Lesing

25. September: Rekning

8 a og b:

Lesing: 16.september (8b),  20.september (8a)

Rekning: 19.september (8a og b)

Engelsk: 18. September (8a) 20.september (8b)

 

9 a og b (skal ikkje ha prøvar i engelsk):

Lesing: 24.september (9a), 19.september (9b)

Rekning: 17.september (9b), 24.september (9a)

 

 

Plan for gjennomføring av nasjonale prøvar på Sand skule