Meny
Velg seksjon 9. trinn a
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
13 spreke ungdomsskuleelevar valde å ta ein fjordbad som del av førjulsaktivitetane ved Sand skule. Sprekt!

Måndag 22.august kl 08.45 startar nytt skuleår opp for alle elevar. Eit ekstra velkommen går til 19 nye elevar i 1.klasse, til over 60 nye 8. klassingar, til nye elevar frå Ukraina og  til dei tre ungdomsskuleelevane frå Nesflaten skule med sine føresette.

Me startar med full skuledag frå og med første skuledag. 1. klasse skal møta ute ved flaggstonga  kl 08.45 og så skal me ha ei storsamling for alle elevar og tilsette litt seinare på dagen.

Skuledagen for 1.-4. klasse er frå kl 08.45-14.25 måndag-, tysdag- og torsdagar. Onsdagar sluttar skuledagen kl 13.00 og fredagar kl 14.10. 

5.-7. klasse har same oppsett, med unnatak av onsdagar, då sluttar dei kl 13.10.

8.-10. klasse går alle dagar frå kl 08.45-14.25, med unnatak av fredagar, då sluttar også dei kl 14.10.

Skulestart kan vera både skummelt og utfordrande for nokre og ein kvar. Sand skule er ein MOT-skule og me har ein draum om at absolutt alle skal bli sett. Det kan starta med noko så enkelt som å seia Hei*!  Å seia hei er ei lita handling som kan krevja MOT, men eit hei kan endra dagen og kanskje òg liva til nokre.

Trygve Skaug som er MOT-ambassadør, artist, låtskrivar og poet har spesialskrive dette flotte Hei*diktet til oss:

Som MOT-rektor skal eg gå framom, og eg har som mål å seia hei til dykk alle!

God skulestart:)


Frå og med i morgon er det trivselen og GLEDINGA som skal ha fokus på Sand skule, -då startar me nemleg opp på Trivselsveka 2019. Komiteen har laga til eit flott program!

Elevane har allereie starta opp med å gje sine bidrag til kva dei legg i ordet GLEDING. Orda er samla i ordskya som de kan sjå i artikkelbiletet ovanfor.  Gjennom heile denne veka håpar me at alle elevar og tilsette skal oppleva å bli gleda på ein eller annan måte. 


Ungdomsskulen hadde denne veka besøk av Sør-Vest politidistrikt og politibetjent Vebjørn.

Internett gir oss fantastisk høve til å utveksla informasjon, læra og ha det kjekt. Gjennom sosiale media held ein òg kontakt med venner og kjende. Me som er vaksne har eit ansvar for å gjera kvardagen på nett tryggast mogleg. Gjennom økta med Vebjørn fekk elevane mange gode råd og køyrereglar om det å vera på rett.

Når ein er på nett er det du som har ansvar for det DU deler med andre. Mobbing på nett  er like alvorleg som ansikt mot ansikt. Gode haldningar som å våga stå opp for andre, om det å våga å gi beskjed til ein vaksen og det å rett og slett våga å seia nei, er viktig bodskap til alle!