Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. trinn
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Elevundersøkinga vert gjennomført måndag 18. november for 7. trinn og tysdag 19. november for 10. trinn.

Informasjon til foreldra og elevar

 


Fredag 15.11 blir det planleggingsdag for alle tilsette!  Denne dagen skal me til Hjelmeland for å få ein ny opplæringsdag med RIKT. Me skal blant anna arbeida med «Den gode økta»,  læringsmål, kriterie og opplæring i nye læringsappar. 

Skule og SFO er stengd denne dagen!


Frå og med i morgon er det trivselen og GLEDINGA som skal ha fokus på Sand skule, -då startar me nemleg opp på Trivselsveka 2019. Komiteen har laga til eit flott program!

Elevane har allereie starta opp med å gje sine bidrag til kva dei legg i ordet GLEDING. Orda er samla i ordskya som de kan sjå i artikkelbiletet ovanfor.  Gjennom heile denne veka håpar me at alle elevar og tilsette skal oppleva å bli gleda på ein eller annan måte. 


19. november inviterer Samarbeidsforum  for desentralisert kompetanseutvikling i Stavanger alle grunnskulane i Rogaland til fagdag om fagfornyinga. Fagdagen er for inntil 4 deltakarar frå kvar skule og dei som skal representera er elvrepresentantar, tillitsvald og rektor.

Leiarane i elevråda blir naturlege representantar frå Sand skule, altså Henriette frå ungdomstrinnet og Vlada frå barnetrinnet, i tillegg til Ingrid Nafstad Lyftingsmo (tillitsvald) og Jorunn Hoås (rektor).  Me skal i førekant drøfta fagfornyinga på eigen skule. Dette trur eg blir ein spennande dag å vera med på!

Målet med samlinga er å få meir kunnskap, entusiasme og motivasjon til arbeidet med fagfornyinga.