Meny
Velg seksjon 10. trinn b
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. trinn
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Fredag 15.11 blir det planleggingsdag for alle tilsette!  Denne dagen skal me til Hjelmeland for å få ein ny opplæringsdag med RIKT. Me skal blant anna arbeida med «Den gode økta»,  læringsmål, kriterie og opplæring i nye læringsappar. 

Skule og SFO er stengd denne dagen!


 Måndag 18.november er det informasjonsmøte for elevar og føresette i 10. kl. om «Vegen vidare». Møte er i 2.etasje i næringsbygget på Garaneset frå kl. 18.00. Innkallinga ligg her som vedlegg og der finn de programmet for kvelden. For elevane er er møte obligatorisk og vil bli avspasert etter munnleg eksamen.

Me håper det blir eit nyttig og informativt møte for alle.

VELKOMMEN!


Frå og med i morgon er det trivselen og GLEDINGA som skal ha fokus på Sand skule, -då startar me nemleg opp på Trivselsveka 2019. Komiteen har laga til eit flott program!

Elevane har allereie starta opp med å gje sine bidrag til kva dei legg i ordet GLEDING. Orda er samla i ordskya som de kan sjå i artikkelbiletet ovanfor.  Gjennom heile denne veka håpar me at alle elevar og tilsette skal oppleva å bli gleda på ein eller annan måte. 


Det blir hospitering i Sauda for 10. kl. onsdag 20. og torsdag 21. november. Elevane følgjer skulebussen som vanleg desse dagane, men det blir mogleg å gå på og av bussen på veg til Sauda.