Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
10. trinn på energitur

10. trinn var måndag 21.mars på tur til Kvilldal kraftstasjon på invitasjon frå Statkraft. 

Sidan energi og produksjon av energi står på planen i 10. trinn, passa det godt med eit besøk hos Statkraft der me fekk sjå inne i Kvilldal Kraftstasjon. Her blei me tatt godt i mot av Kraftverksjef Bjørn Sandvik. 

Etter utdeling av hjelm og vest, køyrde Suldalsbussen oss inn i tunnellen ned mot kraftverket der det blei nøye gjennomgang av tryggleiksrutiner og rømningsvegar. Undervegs la me merke til at det pågår mykje opprustning av anlegget som er om lag 40 år gammalt. Steg for steg blir dei fire generatorane og turbinane gjort klar for nye år med produskjon av rein energi.

Klassane blei delt i to, der ei gruppe fekk ei innføring i kva Statkraft driv med, lokalt, nasjonalt og globalt. Den andre gruppa fekk omvisning i krafthallane av tildegare sandselev, nå lærling, Espen Skåleheim. Han fortalde levande og engasjert om det meste me fekk sjå. Me kan nemna turbinar, akslingar, generatorar, transformatorar og reintvatnanlegg som blir brukt til kjøling. Når ein jobbar med elektrisk straum, er det viktig at kjølevatnet er fritt for partiklar, avpolarisert slik at det ikkje leier straum.

Etter besøket hos Statkraft og ute av fjellet, køyrde bussen oss dei 50 metrane til naboen Statnett. Der blei me tatt i mot av Sindre Årthun Hardeland som først hadde ein gjennomgang av kva dei driv med, før han viste oss rundt på anlegget. Deira splitter nye anlegg gjer om vekselstraumen frå Statkraft til likestraum som blir sendt gjennom den såkalla «Englandskabelen» til England. Dette samarbeidet om energi blir kalla North Sea Link. Medan mykje av det me såg i Kvilldal kraftstasjon var mekanisk, fekk me hos Statnett sjå at det er mykje elektronikk involvert for at overføring av elektrisk energi skal gå rett føre seg. Alt frå gedigne transformatorar til små transistorar fekk me sjå på omvisninga.

Takk for gode omvisingar!