Invitasjon til forskarfabrikken sin Sommarlab for 4.-6. Klasse
Forskarfabrikken sin Sommarlab (sommarskule) kjem til Suldal og oppvekstsenteret på Nesflaten i veke 33.
I år introduserer dei ein heilt ny sommarskule-Forskarfabrikken sin Sommarlab. Her skal barna forska ut naturvitskapen si spennande verd gjennom kodeknekking, eksperiment og mysterie.
Her gjeld førstemann til mølla prinsippet, -påmeldinga opnar 5.mars. Føresette melder sjølv på sine barn via Forskarfabrikken sine nettsider.
Les meir om opplegg/påmelding m.m. for Sommarlabben oppe til høgre, under artikkel.