Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. trinn
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Aprilspøk

I år var aprilspøken på ungdomstrinnet følgjande:

17.mai-feiring 2020
Kjære elevar og føresette i 8.-10.klasse ved skulane i Suldal. Som de veit blir 17.mai-feiringa i år litt annleis enn ho plar vera. Grunna smittefare vil det ikkje bli 17.mai-tog i regi av korkje kommunen eller skulane. Korpsa har også fått forbod mot å samlast for å spela nasjonalsongar. I eit samarbeid mellom oppvekstkontora i Sauda og Suldal kommunar, kulturskulane, Helse Fonna og dei lokale helseføretaka, og sjølvsagt kvar einskild ungdomsskule skal det i tida fram mot 17.mai gjennomførast opplæring i blokkfløyte. Målet er at på nasjonaldagen, presis kl 11, skal alle ungdomsskuleelevane i desse tre kommunane saman framføra «Ja, vi elsker» på blokkfløyte frå sin eigen veranda..

I år var aprilspøken på ungdomstrinnet følgjande:

17.mai-feiring 2020
Kjære elevar og føresette i 8.-10.klasse ved skulane i Suldal. Som de veit blir 17.mai-feiringa i år litt annleis enn ho plar vera. Grunna smittefare vil det ikkje bli 17.mai-tog i regi av korkje kommunen eller skulane. Korpsa har også fått forbod mot å samlast for å spela nasjonalsongar. I eit samarbeid mellom oppvekstkontora i Sauda og Suldal kommunar, kulturskulane, Helse Fonna og dei lokale helseføretaka, og sjølvsagt kvar einskild ungdomsskule skal det i tida fram mot 17.mai gjennomførast opplæring i blokkfløyte. Målet er at på nasjonaldagen, presis kl 11, skal alle ungdomsskuleelevane i desse tre kommunane saman framføra «Ja, vi elsker» på blokkfløyte frå sin eigen veranda. Me har fått NRK Rogaland med på laget, og dei vil både synkronisera starten på musikkframføringa og vil vera tilstades i nokre utvalde grender for gjera opptak. Oppvekstkontoret i Suldal kommune har i den siste tida samla inn alt som finnest av blokkfløyter kringom på skulane, og har ved hjelp av reinhaldarane desinfisert kvar fløyte. Desse vil no bli sendt rundt til heimane, saman med noter til «Ja, vi elsker». Kvar elev må melda seg opp i faget «Heile Ryfylke spelar blokkfløyte» på Showbie. Koden er ........ Me vonar alle heimar og elevar med dette stør opp om arbeidet med å gjera noko ekstra kjekt på nasjonaldagen!

Beste helsing Jorunn Hoås, rektor Sand skule