Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Hausttur torsdag 31/10 2019

Heile skulen skal på tur til Talgje torsdag 31/10. Det gler me oss til! Logistikken er litt omfattande ein slik dag, så me må sy saman eit opplegg som fungerer for alle.

1.-5 trinn skal reise med buss frå skulen 8.50. Elevane møter og stiller opp på banen denne morgonen. Dei elevane i 1.-5. som bur på Talgje, møter ved bingen ved Talgje barnehage seinast 9.15. Hilde Kavli vil vere der frå kl. 9. Ta kontakt med ho dersom det må avtalast noko individuelt.

Alle elevane i 6.-10. møter på skulen som vanleg. Dei har eit opplegg i klasseromma sine fram til bussane hentar dei omlag 9.50. Alle elevane går tur langs sjøen på nordsida av Talgje, og me endar opp på heia bak garden til Hilde. Der skal me ha bål og kos. To og to trinn skal vere saman om båla, så her blir det samarbeid og interaksjon på tvers av klassane. Returen med buss blir frå Hilde sitt gardstun.

Alle elevane i 1.-4. trinn tar buss tilbake til skulen kl. 13. Elevane vil ha eit opplegg på skulen fram til skuleslutt.

Elevane i 5.-10. trinn vil ta buss tilbake omlag kl. 14. Talgjeelevane i 5.-10. treng ikkje ta buss tilbake til skulen denne ettermiddagen.

Alle elevane må ha klede og sko etter veret. Det er vått i marka, så det gjeld å vere godt kledd og skodd! Det kan også vere lurt å ha med eit sitjeunderlag i tursekken.

Ein blir svolten på tur, så pakk med ein god nistepakke denne dagen. Det er lov å ha med mat som kan spiddast på bål, og pakk gjerne med ein spiddepinne om de har. Skulen har med ketchup og sennep. Elles kan elevane ha med frukt, kjeks og varm drikke. Hugs vatn!

Me håpar på brukbart ver, og gler oss veldig!

Med vennleg helsing leiinga ved Finnøy sentralskule