Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800/92054051 Send e-post til oss
Redaktør: Gunn Marte Bull, verksemdsleiar
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
GOD SOMMAR!

Så er skuleåret 2018/2019 til ende og me har mange kjekke minne me kan sjå tilbake på!

Mange av desse minna vert skapt dei siste skuledagane. Me har anna program enn på dei vanlege skuledagane, og tradisjonar som me tek godt vare på. På onsdag gjekk årets terrengløp av stabelen. Fleire av elevane sa at dei hadde sove dårleg og nokon ikkje i det heile, natta før. Resultata frå førre år vert slått opp på veggen på FIF bua, og Christian Kvame (som no går på TUS) sin rekord på 12.54 frå 2017 er det mange som ønskjer å få gjort noko med. Elevane på 1. og 2. trinn spring kort løype. Elevane på 3. trinn får velgje kort eller lang løype, og elevane frå 4. - 7. trinn spring lang løype. Her er bilete av vinnarane i år, og Christian sin rekord står fortsatt!

I går (torsdag) hadde me aktivitetsdag! Været la ingen dempar på verken humøret eller innsatsen. Elevane er delt inn i grupper på kryss og tvers av klassane. Dei store hjelper dei som er mindre, og det er fantastisk å sjå på samarbeid, glede og frustrasjon over oppgåvene dei skal gjennom på 10 ulike aktivitetar.

Til slutt er det tradisjon at elevrådet blir utfordra til kamp med lærarlaget. Elevane vel alltid kanonball og som regel vinn dei, men i år vann lærarane. Legg ved eit bilete av ein ganske enkel blink å treffe;-)

Så er skuleåret slutt, men her på skulen og i barnehagen skal det jobbast seint og tidleg likevel. Me har to store oppgraderingsjobbar som er i full gong. Barnehagen får nye golv med varmekablar på avdelingane, nye vindauge og dører og maling på utsida. Skulen får nytt tak og oppgradert fasade, og me gler oss til å sjå resultatet når me kjem tilbake etter ferien. På skulen må me nok rekne med at det må jobbast utover hausten også, men det gjer ingenting, for no har me venta så lenge på dette!

Ønskjer alle elevane, barnehagebarna og foresatte god sommar!

Main Image

Bilete 1 av 13