Aldersblanda leikegrupper
Leik er ein viktig del av elevane sin skulekvardag.
Publisert: 30.09.2022 17:14 Sist endra: 30.09.2022 17:14 Forfattar: Reidun A Vasstveit
Halve dagen onsdag og torsdag hadde 1. - 4. trinn aldersblanda grupper. Leik står på timeplanen kvar dag for 1. - 4. trinn. Me har leika før også, men nå er det heldigvis blitt meir leik i skulen.
I leiken kan elevane trene på sosiale ferdigheiter og bygge relasjonar på tvers av trinna. Elevane får bruke språket til å forhandle, løyse konfliktar og utvikle språket sitt. Leik gir også motivasjon, meistring og mykje læring.
Elevane hadde ei fin oppleving saman og lærte nye ting i leiken.