Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Leseveker-veke 39 og 40

Me på Nordre Strand oppvekstsenter jobbar for å skape ein sterkare kultur for lesing, og dei to neste vekene er det leseveker her hos oss. Lesevekene har som mål å inspirere elevane til å lese meir, og fokuset er leseglede og motivasjon. I barnehagen har dei alltid lest mykje for ungane, og i dei neste vekene vil vi ha enda større fokus på dette. Elevar frå skulen har også invitert seg på lesebesøk til barnehagen, så dette gler me oss til. På skulen har me valt oss ut  Astrid Lindgren som ein forfattar me vil lære oss meir om, så mange av bøkene me les i lag vil vere skreve av ho.

Merk dykk dette:

Morgonope skulebibliotek
Skulebiblioteket har morgonope kvar dag i veke 39 og 40
Frå kl.8.30-08.55
Biblioteket vil stort sett vere betjent, og føresette, besteforeldre og småsysken er velkomne til å bli med inn, for å låne- eller lese bøker.

Bokkafé
Måndag 2. okotober inviterer me til bokkafé på biblioteket.
Frå kl. 16.00-18.00.
Alle er invitert. 

- Morgonope bibliotek og bokkafé er eit heilt frivilleg lavterskeltilbod for dei som har lyst og anledning. Dette gjeld både for elevar og føresette.
Me forventar altså ikkje at folk skal endre morgonlogistikk eller ta seg fri frå arbeid for å komme:) 

Lesing er veldig viktig for barna si læring og utvikling, og me oppmodar de til å sette av tid til dette i tida som kjem. Me håper også de vil lese saman med barna, og me utfordrar de til å snakke saman om litteratur.

 

Me gler oss!