Me på Nordre Strand oppvekstsenter jobbar for å skape ein sterkare
kultur for lesing, og dei to neste vekene er det leseveker her hos oss. Lesevekene
har som mål å inspirere elevane til å lese meir, og fokuset er leseglede og
motivasjon. I barnehagen har dei alltid lest mykje for ungane, og i dei neste vekene vil vi ha enda større fokus på dette. Elevar frå skulen har også invitert seg på lesebesøk til barnehagen, så dette gler me oss til. På skulen har me valt oss ut Astrid Lindgren som ein forfattar me vil lære oss meir om, så mange av bøkene me les i lag vil vere skreve av ho.