Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Musefellebilar

5., 6. og 7. klasse har jobba med emnet "I full fart" i naturfag. I samband med det, har elevane laga musefellebilar.
Elevane lærte først om korleis ein musefellebil fungerar. Det er musefella som er motoren i bilen. Når musefella blir stramma, blir fjøra tilført energi. Denne energien kallar vi stillingsenergi.  Når vi slepp taket på musefellefjøra, dreg ho med seg tråden som får hjulakselen og hjula til å gå rundt. Stillingsenergien går litt etter litt over til å bli rørsleenergi. Når hjula går rundt, gjer friksjonskrafta mellom hjula og golvet at bilen trillar bortover. Når bilen stoppar går rørsleenergien over til varmeenergi i hjullagra, hjula, musefellefjøra, tråden, golvet og lufta. Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, berre bli omdanna frå ein form til ein annan. Vi snakka om luftmotstand og friksjon. Størrelse, form og fart er med på å bestemme luftmotstand og kor langt bilane går. Saktegåande bilar får mindre luftmotstand og går lengre enn raske bilar. Lite friksjon kan føre til at hjula spinn. Vi brukte CD platar til hjul og elevane la ballong rundt hjula for å få meir friksjon. Andre ting dei måtte tenkje på når det gjaldt friksjon, var underlaget, at hjulakslinga måtte trille fritt rundt og at hjula satt godt fast på hjulakslinga. Elevane jobba bra i gruppene, det var heile tida prøving og feiling. Dei diskuterte seg imellom kva dei kunne gjere for at bilen skulle gå betre. Då dei var nøgde med resultatet, starta dei testinga. Alle gruppene noterte ned strekning og tid. Så rekna dei ut hastigheit. Bilen som gjekk lengst stansa på 11.30 meter. Gruppane laga fine presentasjonar som dei viste for dei andre med tekst og bilete dei hadde tatt undervegs. Dei skreiv om kva som gjekk bra og kva dei kunne gjort anleis. Dette har vore eit veldig spennande prosjekt!
Main Image
Bilete 1 av 24