Meny
Velg seksjon 5.-6. klasse
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Hilde Folkvord Juul har takka ja til å bli ny rektor/styrar ved Fogn oppvekstsenter frå og med 1. august 2019! Ho overtek også noverande rektor si rolle som virksomhetsleiar for oppvekstsentera i Finnøy kommune. 

Sjølv om Hilde ikkje byrjar formelt i stillinga før 1. august, kjem ho til å ha nokre dagar med overlapping saman med noverande rektor i juni, slik at overgangen blir så god som mogeleg. 

Vi ynskjer Hilde velkommen inn i kollegiet, og gler oss til at ho skal byrje å arbeide her på Fogn!


Med bilete av dei flotte fastelavnsbollene som Mallin og 7. klasse serverte i lunsjen i dag, vil vi ynskje alle ein god vinterferie! Melisdrysset på bollene minnar jo litt om snø, og det kan nok godt vere at det er det mest "snøaktige" mange av oss får oppleve i ferien, i og med at gradestokken i skrivande stund viser 10 plussgrader....

Vi har avslutta veka med nokre fine dagar, med god stemning på skulen, så dette lovar godt for våren som ligg foran oss!

Igjen, god ferie!


Takk for godt oppmøte, og for konstruktive innspel på foreldremøtet onsdag 20. februar! I dag har vi, som det kom forslag om i møtet, sendt eit informasjonsskriv heim med alle elevane. Dette kan vere nyttig informasjon for dei som ikkje var på møtet, men det kan òg vere gode påminningar for dei som var der. Vi vil særleg oppfordre til å gå gjennom punktene mot slutten av skrivet, der det er ramsa opp eindel av dei gode innspela/forslaga som kom inn i løpet av kvelden.

Informasjonsskrivet er som sagt delt ut fysisk, men kan også lesast digitalt ved å klikke HER.


Etter å ha vore i praksis på Fogn oppvekstsenter frå tysdag til torsdag i totalt 8 veker dette skuleåret, hadde Torstein Ward sin siste arbeidsdag, torsdag 21. februar. Dette vart markert ved at Torstein fekk med seg nokre elevar og laga lappar til alle i matfriminuttet, noko som, naturleg nok, laga god stemning!

Takk for den flotte jobben du har gjort her, Torstein, og lukke til vidare med utdanninga di! Kanskje vi ikkje har sett det siste av deg på Fogn oppvekstsenter:)?

Ved å klikke "les mer" får de sjå fleire bilete frå dagen, der vi i tillegg til lappesteiking mellom anna har hatt kjekk TL-leik og 5.-7. klasse har blitt introdusert for musikkredigeringsprogrammet Soundtrap.


Onsdag 20. februar klokka 18.30-20.00 kallar vi inn til felles foreldremøte for alle skuleforeldre på Fogn! Tema for møtet er "Respekt og trygghet", men vi kjem også innom fleire av dei andre orda i ordskya på biletet over. Vi har fått med oss helsesøster Marianne Murbræch og lensmann Bjørn Iden som skal bidra i møtet, i tillegg til at vi ser for oss eindel dialog rundt borda.

Det vert servert kaffi og noko å bita i.

Vi trur det er viktig at de som er føresette prioriterer dette møtet, og ynskjer alle hjarteleg velkomne!