Meny
Velg seksjon 7. klasse
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Det er 3 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Oppvekstsenteret hadde sin julefest på tysdag, skulen sin siste dag på onsdag og barnehagen har sin siste dag før juleferien på fredag denne veka. Julefesten vart som vanleg minnerik og kjekk, og de kan sjå fleire bilete og lese meir om festen i Kristian si sak på fogn.org ved å klikke HER. 

Takk for ein flott haust, til både born, føresette, tilsette og andre som har med oppvekstsenteret å gjere! No har vi juleferie fram til torsdag 3. januar, som er første skule- og barnehagedag etter jul.

God juleferie!


Velkommen til julefest i gymsalen tysdag 18. desember klokka 18.00! 

På festen blir det skodespel, innskriving av nye elevar, song/musikkinnslag, vi går rundt juletreet, og mykje meir! Det vert som vanleg ein matpause midt i festen. Folk tek med mat og drikke sjølv, anten det er julekaker, rundstykker, salat eller heilt andre ting!

Velkommen til ein kveld med store mengder julestemning!


Torsdag og fredag denne veka var det stor stemning på oppvekstsenteret, då årets juleverkstad gjekk av stabelen. Her var borna innom 4 ulike stasjonar, og etterkvart som dei vart ferdige med det dei skulle gjera, så vart det fleire og fleire elevar i gymsalen, der stikkball var aktiviteten. I tillegg vart det spelt mange partier med sjakk, og vi kan berre melde om at framtida i sjakk-Noreg ser lys ut! 

På fredag var det også julegraut, laga av tre bestemødre til born på oppvekstsenteret. Vi åt opp alt, slik at vi også fann dei tre mandlene som var gøymt i grauten! 

To flotte dagar med kjekke stasjonar, god mat og god stemning!

Klikk "les mer" for å sjå bilete frå årets juleverkstad


Torsdag og fredag denne veka (6.-7. desember) er det endeleg klart for årets juleverkstad, som vi gler oss masse til! Elevane og 5-åringane i barnehagen er delt inn i fire grupper som i løpet av dei to dagane skal gjennom fire ulike stasjonar. På ein av stasjonane er det baking, og då vil vi at elevane har med former, kjevle, forkle og kakeboks.

Oversikt over gruppene og stasjonane finn de ved å klikka HER (lenka fungerer kanskje ikkje på mail, så klikk inn på sjølve saka for å få informasjon).

På torsdagen må elevane ha med seg niste, medan dei på fredag får julegraut i foajeen!

Dette blir stas!


På Fogn oppvekstsenter gjennomfører vi foreldreundersøking i både barnehage og skule, i tillegg til elevundersøking i 5.-7. klasse kvar haust. Dette gjer vi for å sikre medverknaden til både elevar og føresette, gjennom tilbakemelding på korleis de opplever den jobben som blir gjort her på oppvekstsenteret. Det er ingen som veit kven som har svara kva, men vi får ut ein "score" som seier noko om kva vi gjer bra, og kva vi kan bli enno betre på. Difor er det viktig at så mange som mogleg tek seg tid til å svara på desse undersøkingane, og vi er glade for kvart svar!

Så langt er det barnehageforeldra som har vore mest "på", og 80% har svara på undersøkinga. Deira undersøking har svarfrist 30. november. 

Skuleforeldra har svarfrist 4. januar, men av erfaring veit vi at dei aller fleste svara kjem inn i november og i første halvdel av desember. Vi oppfordrer difor alle til å svare gjennom lenkja som har kome både på mail og SMS. Svarprosenten her er så langt på 22%, så vi håper og trur at mange fleire kjem til å svara!