Meny
Velg seksjon 1.-4. klasse
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
"Stoff som endrar seg" er temaet vi jobbar med i naturfagtimane for tida. Vi har lært at alt rundt oss er laga av stoff og at nokre stoff er reine, medan andre er stoffblandingar. Vi ville teste ut tre reine stoff i eit eksperiment. 

Hilde Folkvord Juul har takka ja til å bli ny rektor/styrar ved Fogn oppvekstsenter frå og med 1. august 2019! Ho overtek også noverande rektor si rolle som virksomhetsleiar for oppvekstsentera i Finnøy kommune. 

Sjølv om Hilde ikkje byrjar formelt i stillinga før 1. august, kjem ho til å ha nokre dagar med overlapping saman med noverande rektor i juni, slik at overgangen blir så god som mogeleg. 

Vi ynskjer Hilde velkommen inn i kollegiet, og gler oss til at ho skal byrje å arbeide her på Fogn!


Kvar vår gjennomfører vi kartleggingsprøvar i lesing og rekning i 1.-3. klasse, så også i år. Det er Utdanningsdirektoratet som sender ut prøvene, som er obligatoriske for 2. klasse (rekning) og 1.-3. klasse (lesing). Vi vel i tillegg å gjennomføra dei valfrie prøvene i rekning i 1. og 3. klasse, den valfrie prøva i engelsk i 3. klasse og den valfrie prøva i digitale ferdigheiter i 4. klasse.

Prøvane vert gjennomført i tidsrommet 18. mars til 12. april, og dei krever inga form for førebuing.

Prøveresultata vert ikkje rapportert inn til Utdanningsdirektoratet, og vert difor berre nytta lokalt på skulen for å sjå om det er elevar som treng ekstra hjelp og støtte.


Med bilete av dei flotte fastelavnsbollene som Mallin og 7. klasse serverte i lunsjen i dag, vil vi ynskje alle ein god vinterferie! Melisdrysset på bollene minnar jo litt om snø, og det kan nok godt vere at det er det mest "snøaktige" mange av oss får oppleve i ferien, i og med at gradestokken i skrivande stund viser 10 plussgrader....

Vi har avslutta veka med nokre fine dagar, med god stemning på skulen, så dette lovar godt for våren som ligg foran oss!

Igjen, god ferie!


Takk for godt oppmøte, og for konstruktive innspel på foreldremøtet onsdag 20. februar! I dag har vi, som det kom forslag om i møtet, sendt eit informasjonsskriv heim med alle elevane. Dette kan vere nyttig informasjon for dei som ikkje var på møtet, men det kan òg vere gode påminningar for dei som var der. Vi vil særleg oppfordre til å gå gjennom punktene mot slutten av skrivet, der det er ramsa opp eindel av dei gode innspela/forslaga som kom inn i løpet av kvelden.

Informasjonsskrivet er som sagt delt ut fysisk, men kan også lesast digitalt ved å klikke HER.