Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

I perioden fredag - onsdag neste veke skal det byggjast utegolv med tak i uteområdet i barnehagen. I kveld fjernar Øyvind jord der utegolvet skal vere, og Miljøbygg startar opp sjølve byggjearbeidet på mandag. Planen er at dei skal vere ferdige på onsdag i neste veke.

Barnehagen vil i denne perioden vere i skogen eller på inngjerda leikeplass når dei er ute. 

På grunn av tryggleiken skal ikkje inngangsdøra til barnehagen brukast, men hovudinngangen (til vestibylen). Denne inngangen må også nyttast når de leverer og henter barna i denne perioden. 

 


Tysdag 19. november reiste elevråd, tillitsvald og rektor på Fogn oppvekstsenter på fagsamling i Stavanger Forum. Temaet var fagfornyinga.

Arbeidet med implementering av dei nye fagplanane er alt igang, og då er det viktig at elevane er involvert i prosessen.

Det var 880 personar tilstades frå skulesektoren m.a. PPT, representantar frå UDIR og elevråd. Ein kjendis gjorde at dagen blei  ei oppleving verdt å hugse! I periodar litt kjedeleg, meinte elevrådsrepresentantane, men det var også noko som var kjekt. Særleg innlegget til Jo Røislien (matematiker og programleiar i NRK) som heitte "Fra flate fakta til levande læring". Jo Røislien var kjekk og klarte å engasjere heile publikum. Alt i alt ein flott dag med faglig påfyll og pizza for god innsats! Den smakte ekstra godt på båtturen heim. 


Skolen og barnehagen er stengt i morgen på grunn av planleggingsdag.

Elevane får ta med Chromebook heim i dag.

Etter fleire grundige undersøkingar av Chromebook, har ekspertane nå funne årsaka til branntilløpet. Undersøkingane viser skade i batteriet på grunn av ytre påvirking. Det er ikkje påvist fabrikkfeil. Vi har fått forsikringar frå leverandør og IT -avdelinga vår om at Chromebook nå kan takast med heim etter skuletid i dag. 


Det framleis er uklart kva som er årsaka til brannen i ein Chromebook.  Skulen mottok i dag melding frå skuleleiinga i Stavanger om at elevane må la Chromebook liggje gjen på skulen inntil vidare.