Meny
Velg seksjon Barnehagen
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Med eit bilete frå personalet si sommaravslutning, vil vi ynskje alle ein veldig god sommar!

Skulen sin siste dag før ferien, var torsdag 20. juni. Oppstart etter ferien er torsdag 15. august.

Barnehagen er open fram til og med fredag 28. juni, før det er ferie i fire veker. Det betyr at første barnehagedag etter ferien er måndag 29. juli. Det nye barnehageåret (når nye born startar opp) byrjar samtidig som nytt skuleår, nemlig torsdag 15. august.

God sommar!


Onsdag 19. juni hadde vi den årlege sommerfesten vår, og i den anledning var det laga eindel videoar o.l. Vi legg ut eindel av desse her på nettsida, slik at ein kan sjå dei igjen, eller sjå dei for første gong dersom ein ikkje hadde høve til å kome på festen.

Barnehagen hadde glimt frå prosjekt om landart, i tillegg til ein film om førskuleborna sitt siste barnehageår.

1.-4. klasse hadde ein film der dei fekk vist kva dei kan, medan 5.-6. klasse hadde laga musikkvideo. 7. klasse hadde laga morosame lærarparodiar, og det var ikkje plass til alle parodiane i ein film så dei laga ein parodifilm til!


Onsdag 19. juni klokka 17.00 inviterer vi til sommarfest på Fogn oppvekstsenter! Dette er avslutningsfest for både barnehagen og skulen, og foreldre, føresette, søsken og andre er hjarteleg velkomne!

Vi kjem til å ha litt program i gymsalen, før det vert grilling, putekrig og fotballkamp ut over kvelden og ettermiddagen. 

Ta med det dykk sjølv ynskjer av grillmat og drikke, så ser vi fram til ei kjekk samling i lag!


Barnehagen reiser til Fiolen familiepark onsdag 5. juni. Vi reiser med hurtigbåten klokken 09.40. Fint om barna har med egen sekk med byttetøy og drikkeflaske. Klokken 15.50 er vi tilbake på Fogn. Dersom noen av barna blir levert eller hentet på kaien, ønsker barnehagen beskjed. Vi gleder oss veldig til sommertur.

Måndag 29. og tysdag 30. april var dei barnehagetilsette frå Fogn i Krakow på studietur. Vi besøkte ein barnehage midt i Krakow by, der vi hadde nokre særs lærerike timar! Vi fekk observere barnegruppene i ulike aktivitetar, og fekk god tid til å snakke med personalet i barnehagen i etterkant av observasjonane. Både vi og dei hadde mange spørsmål, og vi opplevde å både bli inspirert, og kanskje vere med og inspirere litt! Vi var mellom anna imponerte over korleis denne barnehagen hadde innreda romma, med tanke på at alt var i barnehøgde, og stolar og bord var veldig tilpassa dei små. Vi såg også døme på gode overgangar mellom aktivitetar i barnehagen, og vart inspirerte av nokre små "robotar" som mellom anna kunne nyttast til å læra fargar.

I tillegg til det faglige utbyttet, fekk vi gjort mykje kjekt saman, noko som er viktig for eit lag som skal jobba tett, også framover!

Klikk "les meir" for å sjå fleire bilete frå barnehagebesøket!