Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Glimt frå Krakowturen

Måndag 29. og tysdag 30. april var dei barnehagetilsette frå Fogn i Krakow på studietur. Vi besøkte ein barnehage midt i Krakow by, der vi hadde nokre særs lærerike timar! Vi fekk observere barnegruppene i ulike aktivitetar, og fekk god tid til å snakke med personalet i barnehagen i etterkant av observasjonane. Både vi og dei hadde mange spørsmål, og vi opplevde å både bli inspirert, og kanskje vere med og inspirere litt! Vi var mellom anna imponerte over korleis denne barnehagen hadde innreda romma, med tanke på at alt var i barnehøgde, og stolar og bord var veldig tilpassa dei små. Vi såg også døme på gode overgangar mellom aktivitetar i barnehagen, og vart inspirerte av nokre små "robotar" som mellom anna kunne nyttast til å læra fargar.

I tillegg til det faglige utbyttet, fekk vi gjort mykje kjekt saman, noko som er viktig for eit lag som skal jobba tett, også framover!

Klikk "les meir" for å sjå fleire bilete frå barnehagebesøket!

 
Main Image
Bilete 1 av 11